
Laurdag avslutta HUL-teatret framsyningane av komedia «Kona eller Livet». Med det har over 400 sett årets oppsetning.
Det vart eit fåtalling publikum på Sunnylven samfunnshus under den siste framsyninga med HUL-gjengen. Men dei femti som var til stades fekk to trivelege timar. Det vart mykje latter under vegs etter som amatørane «spela» seg gjennom komedia med drosjesjåføren og dei to damene hans i hovedrollene. Og alle åtte, Per Ove Frøysa, Kristin Storstein, Marianne Fivelstad, Markus Forbord, Ole Hjalmar Bonsaksen, Per Kjell Leite, Bente Bonsaksen og Arild Ringdal fekk god og fortent applaus etter nok ei vellukka forestilling.
Frå Hellesylt Ungdomslag overrekte leiar Geir Frøysa ei rose til kvar av aktørane og medhjelparar for innsatsen. Til Anne Marie Sømoen Frøysa hadde han to roser og eit gåvekort til ei helg på hotell for to som takk for innsatsen i teatergruppa. Ho gjekk ut av styret for HUL-teatret ved årsmøtet tidlegare i vinter.
Anne Marie Sømoen Frøysa har vore ein trufast tenar for HUL-teatret i 22 år, både som teaterleiar og instruktør, som aktør på scena, men mest som sufflør under framsyningar. Det har blitt mange stykke og mange timar med innstudering av manus og terping på replikkar, seier ho. «Vaskerelvens rose» var det aller fyrste, «Kona eller livet» vart det siste førebels. Anne Marie er ikkje framand for å ta eit tak for HUL-teatret også i åra som kjem, ikkje i sufflørrolla, men gjerne som tilretteleggjar og motivator bak scena.