Fjord 1 må søkje

Turistferja mellom Hellesylt og Geiranger blir sak i fylkeskommunale organ  april.

Turistferja mellom Hellesylt og Geiranger blir sak i fylkeskommunale organ april.

Det blir full sakshandsaming i fylkeskommunale organ om vilkår og billettprisar for turistferja mellom Hellesylt og Geiranger.

Under møtet 4. mars vart samferdselsutvalet i Møre og Romsdal orientert om dei nye billettprisane som Fjord 1 og det nyskipa selskapet The Fjords har innført framfor sesongen 2015. Det nye selskapet The Fjords skal drive turistferjer på Geirangerfjorden, Nærøyfjorden og Lysefjorden etter om lag same prisar, har driftsdirektør Stian Hårklau uttalt til hellesylt.info. Det fører til ein auke i billettane mellom Hellesylt og Geiranger på over 50 prosent.

Skal søkjast

Frank Sve, medlem av samferdselsutvalet var til stades der ein representant frå Fjord 1 orienterte utvalet om saka.

-Eg vart rysta over det vi fekk høyre. Det vart sagt rett ut frå Fjord 1 at enten vart takstane som selskapet ville, eller så segla dei ikkje på Geirangerfjorden. Fjord 1 har ikkje fylgd spelereglane i denne saka. Når prisane blir auka om lag som prisstigninga brukar ikkje utvalet å bry seg, men når auken blir vesentleg høgare skal det søkjast, og i dette tilfelle skal det også søkjast om konsesjon til det nye selskapet The Fjords.

Provoserande

Kort fortalt gjorde eg på møtet framlegg om at når det er takstauke og endring i konsesjonstildeling skal Fjord 1 søkje for å få behandla og godkjent saka i samferdselsutvalet. Framlegget vart samrøystes vedteke, opplyser Frank Sve.

Sve legg til at det var rimeleg provoserande å stille ultimatum om at anten får ferjeselskapet det som dei vil eller innstiller ruta.

Kan miste passasjerar

-Turistferja Hellesylt – Geiranger er kronruta som no skal inn i The Fjords. Fjord 1 burde teke ein grundig dialog med næringsliv og kommune for å få respekt for det dei gjer. Ein prisauke på 50 prosent vil ha ein kraftig avvisningseffekt. Kanskje hadde langt fleire teke turistferja på Geirangerfjorden om prisane var lavare. Eg trur eg skal ha veldig gode argument for å stoppe den foreslåtte prisauken, seier Frank Sve.

Konklusjonen etter møtet 4. mars vart at prisar, konsesjon og universell utforming på ei av ferjene blir sak på møter i fylkeskommunale organ i april.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380