Lokalnytt

Frå Bokhandel til Boutique & Bar

Ellen Angelika Fivelstad har lært seg å bruke både brekkjarn og slegge. Bak står frå venstre Nils Kåre Frøysa, Antonio Fernandez, Kjell Oddvar Frøysa.
Ellen Angelika Fivelstad har lært seg å bruke både brekkjarn og slegge. Bak står frå venstre Nils Kåre Frøysa, Antonio Fernandez, Kjell Oddvar Frøysa.

Ellen Angelika Fivelstad har kjøpt huset der bokhandelen på Hellesylt ein gong heldt til. No er ei ombygging til eit spanande serveringslokale i gong.

Det blir lite påskeferie på Ellen Angelika Fivelstad og hennar gode medhjelparar. I fyrste etasje i den gamle bokhandelen på Hellesylt går det føre seg ei oppussing av heile lokalet. Der skal det bli ein ny treffstad for alle kaffi og kakeglade, men også andre. Oppussinga rustar opp med eit lite kjøkken, butikk, toalett, og serveringslokale for rundt 25 personar.

Teglsteinsmurar

Ellen Angelika Fivelstad veit at ho har starta på eit omfattande, men spanande prosjekt. Ingen visste kva ein ville møte på når ein starta å rive og grave i ein gamal kjellar. Men det har gått fint og det skal bli bra trur ho. Det meste skal fornyast, andre detaljar som teglsteinsmurane skal fram igjen og takast vare på, Dei var pussa med betong og måla, no blir betongen hogge av slik at dei raude mursteinsveggane blir synlege igjen.

Mykje graving

I eit av kjellarromma var golvet tretti centimeter høgare en resten. Vi var spente på om det var fjell  under golvet, men då vi fekk vekk betongen viste det seg at der var berre morene og sand. Det vart mykje gravearbeid, men no har vi kome oss ned til same nivå som resten. Snart blir det lagt fuktsperre og støypt nytt golv i hele kjellaren, fortel Ellen Angelika.

Kaffibønner

Om alt går som tenkt skal dei nye lokala stå ferdig til sommaren. Opning blir under Sommardagar på Hellesylt, helga 3. til 5 juli. Då blir det høve til å kjøpe brende kaffibønner i laus vekt , kaffi i fleire variantar, te og kaker. Serveringa kan foregå også ute om veret er bra. I tillegg vil butikken også ha mykje anna å tilby, som eit utval bøker og vesker frå Schermann/Ringdal.

Oppover i etasjane i tidlegare Hellesylt Bokhandel er der to leilegheiter på 70 – 80 kvadratmeter. Desse skal setjast i stand for utleige, fortel Ellen Angelika Fivelstad i Hellesylt Boutique & Bar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380