Frakta fisk til Holedalsvatnet

Holedalsvatnet.

Holedalsvatnet.

Frå ei gamal dagbok.

I 1876 vart den fyrste auren sett ut og noko seinare kom Jupiter, den fyrste båten til Holedalsvatnet. Det står å lese i dagboka til Brit Lillebø.

Brit Lillebø var frå Hole i Sunnylvsbygda. I unge år, kring 1875 -80 var ho sætretaus i Holedalen.

-Slik det var den gongen gjekk eg den seks kilometer lange vegen frå Hole til sætra om kvelden og mjølka kyrne, overnatta i selet og mjølka kyrne morgonen etter før eg gjekk heim til Hole med mjølkebøra, skreiv ho i dagboka si, og legg til; Eg bar mjølka heim for å yste og kjinna der, for vi kunne ikkje vere på stølen og ikkje gjere anna arbeid heile resten av dagen.

I Holedalen ligg Holedalsvatnet, 2.5 km. langt og 4-500 meter breitt. I 1876 bar Nils, bror til Brit og ein Ole Severin Helset aure fram i vatnet, fisk som dei hadde fanga i Helsetvatnet i Sunnylvsbygda. Kor mange skriv ikkje Brit noko om, men ein av dei døde på vegen fram. Den kokte dei og åt.

Sommaren 1882 var det sætrehelg i Holedalen med tur også fram til vatnet. Då såg dei fisk som hoppa i Holedalsvatnet, noko som tyda på at fiskane hadde overlevd og formert seg. Eit rikt fiske tok til i åra som fylgde og mang ein aure fekk Brit også etter at ho flytta frå Hole og gifta seg til Lillebø, fortel ho.

To karar, Jon og Per kjøpte seg båt som dei brukte i Holedalsvatnet. Den kalla dei opp etter seg sjølve og gav den namnet Jupiter. Seinare flytta dei to frå heimbygda og båten vart seld til gardbrukarar på Bjørdal. Men i eit ruskever gjekk det gale med båten, Jupiter var knust til pinneved i fortøyinga si mot land.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380