Lokalnytt

Fylkeskommunen støttar Postvegen

Frå toppen av Brekka med utsyn mot Strandadalen.
Frå toppen av Brekka med utsyn mot Strandadalen.

Møre og Romsdal Fylkeskommune har innvilga ein halv million kroner i støtte til utbetringsarbeidet på Postvegen frå Ljøen til Herdal.

Vi er veldig glade for den Fylkeskommunale støtten, det gjer at vi no har pengar til å starte opp arbeid vidare etter at det som er gjort er betalt, seier leiar i Ljøbrekkas Vener, Petter Hjørungdal.

Ljøbrekkas Vener har sett i gong eit stort og viktig arbeid med å ruste opp Den Trondhjemske Postvei over Ljøbrekka. Vegen var i skrøpeleg stand etter naturkrefter sine herjingar i fleire år, murar seig ut og stikkrenner hadde gått tett noko som førte til at flaumvatn grov i vegen fleire stader.

Vedlikehaldsarbeidet starta for fullt frå Herdal og no er det meste gjort heilt på toppen av Brekka, fortel Hjørungdal.

Ljøen-sida neste.

Petter Hjørungdal er optimist med tanke på å få fullført det store arbeidet som Ljøbrekkas Vener sette i gong for eit års tid sidan. Han ramsar opp mange gode bidragsytarar, både private gjennom kronerulling, gåver frå einskildpersonar og frå næringsliv. Også store beløp som 150,000.- kroner frå tidlegare Norco, 5.000.-kroner frå Sunnylven Idrottslag og 3.000,- kroner frå Sunnylven sanitetslag har vore flott å få, seier han.

Heile prosjektet var kostnadsrekna til 2.76 mill. kroner. –Vi må nok ut på nye innsamlingsrundar og be om fleire gåver både frå næringsliv, kommune og bankar om vi skal kome i mål på Brekka også frå Ljøen, seier leiar i Ljøbrekkas Vener Petter Hjørungdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380