Lokalnytt

Gamlestova i Bygdetunet må vølast

Det er synlege råteskadar i tømmeret og muren bular ut under det gamle våningshuset i Bygdetunet.
Det er synlege råteskadar i tømmeret og muren bular ut under det gamle våningshuset i Bygdetunet.

Det gamle stovehuset i Hellesylt Bygdetun treng utbedring. Grunnmuren bular ut og tømmerstokkar har råteskadar.

Det veste gardsbruket i Lillegjerdet vart i 1992 overdrege til Stranda kommune vederlagsfritt. No treng det omfattande vedlikehald.

Harald Sørheim er leiar i styret for Hellesylt Bygdetun. Han fortel at grunnmuren bular ut og kan om den ramlar ned skade det nye hovudhuset. Vidare er det oppdaga råteskadar på fleire stader i tømmerveggane, både bunnsvilla (sylvstokken) og deler av tømmerveggane kring glasa må skiftast ut.

-Vi har vore i kontakt med Holtleite, eit byggefirma som har kunnskapar og erfaring med vøling av gamle bygningar. Taket må av og deretter må resten plukkast heilt ned. Heile arbeidet er kostnadsrekna til kring 340.000.- kroner. Det er pengar vi ikkje har i dag. Vi har søkt kulturminnefondet om stønad, ein søknad som blir behandla i april, og vi håper på Gullkornmiddlar frå Sparebanken Møre. Vi søkjer også støtte gjennom Gjensidigefondet, og så håper vi folk er snille og gjev oss gåver slik Sunnylven Bygdekvinelag og Stranda Sogelag alt har gjort. Vi må berre finne måtar å finansiere det på, for det er eit arbeid som må gjerast, seier Harald Sørheim.

Om alt går som planlagt kan arbeidet kome i gong i juli. Sørheim veit det er dyktige folk som har teke på seg oppdraget, mest spent er han på om det elektriske anlegget kjem på plass igjen. Alt skal vere som det var når jobben er ferdig, seier styreleiaren i Hellesylt Bygdetun.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380