Lokalnytt

Generalforsamling i Peer Gynt Galleriet AS

Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.
Peer Gynt Galleriet, Hellesylt.

Aksjonærane i Peer Gynt Galleriet AS er kalla inn til ekstra generalforsamling onsdag 25. mars.

Styret i Peer Gynt Galleriet AS har jobba mykje med å finne ei løysing på den vanskelege økonomiske situasjonen kunstsenteret har vore i. Mellom anna har lånegjelda vore for høg i forhold til inntening i drifta.

Ved sal av bygg og eventuelt kunst kan det bli drift ved senteret også i 2015 etter det hellesylt.info forstår. Alt blir avgjort på den ekstraordinære generalforsamlinga som det no er kalla inn til.

Møtestad er Peer Gynt Galleriet, Hellesylt. Dagsorden for generalforsamlinga er:

1. Konstituering

2. Sal av bygget

3. Sal av kunst

4. Val

5. Eventuelt.

Aksjonærar kan møte med fullmakt for lag og bedrifter, og for andre aksjonærar som ikkje har høve til å vere til stades. Det er vedlagt innkallinga eit spesielt skjema for dette.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380