Lokalnytt

Grunnskuleveke til ståande applaus.

Her blir den omskrivne visa "Fjelle" framført av alle elevar med musikals tonefølgje frå kulturskulen.
Her blir den omskrivne visa «Fjelle» framført av alle elevar med musikalsk tonefølgje frå kulturskulen.

Som avslutning på grunnskuleveka inviterte Sunnylven skule og kulturskulen på eit timelagt program tysdag. Det fall i smak for ei stor forsamling i Sunnylven samfunnshus.

I lag med kulturskulen presenterte elevar ved Sunnylven skule tysdag programmet som dei hadde øvd inn i høve grunnskuleveka i år for ei svært folkerik forsamling i Sunnylven samfunnshus. Det kan vere fårleg å kalle ei framsyning fantastisk, men når vi ikkje finn eit anna dekkjande superlativ vågar vi å bruke det.

Scenevante

Det aller meste stod vel til mg i karakterboka, ja kanskje enno høgare, ikkje berre for innhald, men vi let oss begeistre av koordinering og framføringa av elevane. Alle oppførte seg som scenevante artistar, ja det såg ut som dei hadde det moro. Også innhaldet i programinnslaga var godt og inspirert av at 2015 er friluftslivets år.

Det var småskulen som drog det heile i gong med klovnerier og song. Gjennom små dramatiseringar fekk vi oppleve alle årstider, om våren når blomane kjem, sommaren med sol og badeliv, hausten med turar og vinteren med snømannen som fekk si nase til slutt.

Hjortejakt

Også mellomsteget prisa naturen og årstidene med sitat frå Ivar Aasen; «og når liene grønkast som hagar, når det laver av blomar på strå…». Naturen gjev oss mykje, også gode bær. Men det var likare med ei skikkeleg hjortejakt slo dei fast gjennom song og effektar som børse og svære hjortegevir.

Elevane frå ungdomssteget tok forsamlinga med på ei skildring av landskapet og bygdene i Sunnylven, kva folket har levd av og kva turistar kom for å sjå. Her var mykje staseleg natur og høge tindar som fjellfolk har nytta opp gjennom tidene, slo dei fast. Den gode faktahistoria dei hadde sett saman vart krydra med gamle, trauste songar, og vakkert framført.

Omskriva vise

Avslutningsvis fekk publikum høyre Terje Nilsen si vise «Mjelle» fritt omskrive til lokale forhold og tittelen «Fjelle», framført av alle elevane ved Sunnylven skule. Og då som gjennom heile programmet med musikalsk tonefølgje frå kulturskuleelevar. Det vart lang og ståande applaus frå publikum då det heile var slutt etter ein dryg time.

Rektor ved Stranda kulturskule Trond Otto Berg fortalde at det hadde vore tre intense øvingsdagar framfor programavslutninga. Han rosa dei mange dyktige lærarane i kulturskulen. Også rektor ved Sunnylven skule, Torje Bjørneset tykte det var ei flott avslutning på grunnskuleveka, eit program han meinte elevane skulle vere stolte av å ha presentert.

Grunnskule 2

Grunnskule 3

Grunnskule 4

Grunnskule 5

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380