18. juli 2026

Gulljenta fekk gullhue

NM-vinnar Emilie Brekke fekk både gåver og gode ord frå skigruppa ved Hans Hole.
NM-vinnar Emilie Brekke fekk både gåver og gode ord frå skigruppa ved Hans Hole.

Det vart både ryggsett, startnummer med talet ein, og ikkje minst gullhue på Emilie Brekke då skigruppa i Sunnylven IL gjorde litt stas på  gulljenta og NM-vinnaren under cuprennet onsdag.

Det vart dei beste supperlativ ein kan få då leiar Hans Hole på vegne av skigruppa gjorde stas på Emilie Brekke, den fyrste norgesmeisteren i Sunnylven IL. Emilie gjekk på vinnarlaget til Sogn og Fjordane SSK under Hovedlandsrennet, eit stafettlag som knuste nærmast lag med nær 45 sekund.

Før starten på det femte rennet i Sunnylvscup på ski onsdag kveld overrekte Hans Hole gåver til 16 år gamle Emilie, ein ryggsekk, eit startnummer med eittalet på og ikkje minst ei gullfarga hue.

-Vi er veldig stolte av deg, du har representert klubben på ein framifrå måte gjennom heile di skikarriere og ikkje minst med å bli vår fyrste norgesmeister. Og du er alltid blid og grei å prate med, også i renn med motgang. Måtte du vere eit forbilde og ein inspirasjon til andre, for du har vist at med trening og stå-på-vilje kan ein nå langt-.

Ei stor samling unge og eldre frå skifamilien i Sunnylven IL applauderte for gulljenta, den alltid blide og smilande Emilie.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →