Husk sommartid

Solsnu

Natt til søndag 29. mars skal klokka stillast ein time fram. Då er det sommartid i Norge.

I Norge blir det innført sommartid klokka 02.00 natt til siste søndag i mars. Då skal urvisaren stillas ein time fram. Sommartid varer til klokka 03.00 siste søndag i oktober. Då er det å stille ein time tilbake, til normaltid igjen.

Ein god huskeregel for kva veg urvisarane skal stillast er å stille mot sommaren, altså fram om våren og bakover om hausten. Og natt til søndag 29. mars blir ein time kortare enn vanleg.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380