18. november 2025

I samspel på Skodje

Sunnylven skulekorps og Skodje skulekorps med sin dirigent Trond Otto Berg.
Sunnylven skulekorps og Skodje skulekorps med sin dirigent Trond Otto Berg. (Foto: Anita Langeland.)

I helga var Sunnylven skulekorps på besøk til Skodje og i samspel med Skodje Skolekorps. Det vart ein flott konsert.

Sunnylven skulekorps og Skodje skulekorps hadde i januar felles øvingshelg på Hellesylt, og i helga var det konsert på Skodje.
Trond Otto Berg er dirigent for begge dei to skulekorpsa og styrte dirigentstokken også under konserten i helga.
Dei to korpsa spela fleire nummer som svinga flott i konsertsalen, både kvar for seg og til slutt eit fellesnummeret med tonar
frå filmane om Olsenbanden.

Leiar i styret for Sunnylven skulekorps, Anita Langeland synest det er veldig kjekt både for musikantar og leiarar å samarbeide og stifte kjennskap med andre korps.
Sunnylven skolekorps tel ikke så mange musikantar akkurat no, men ho håper på at det kjem til mange nye aspirantar til hausten.

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →