Kablar i Korsbrekkeelva

Hellesylt Bil & Maskin utførte arbeidet med å grave ned røyra for høgspentkabelen. (Foto: Lars O. Fivelstad)

Hellesylt Bil & Maskin utførte arbeidet med å grave ned røyra for høgspentkabelen. (Foto: Lars O. Fivelstad)

I samband med kabling av høgspentlinja mot Sunnylvsbygda, har Stranda Energi lagt trekkerøyr over Korsbrekkeelva for tilførsel til Korsbrekke og Åsen.

Det var lita vassføring då Stranda Energi sist veke kryssa elva og fekk ned røyr for høgspentlinje til Åsen. Røyra som er grave ned i botnen er spesialrøyr for slikt bruk.

Frå landsida på Korsbrekke vil linja fortsatt gå som luftspenn til Åsen då det er nærmast uråd å kable opp den bratte fjellsida.  Det blir også laga ei forgreining til bruka på Korsbrekke slik at dei to luftspenna som no kryssar elva kan bli fjerna, fortel nettsjef Terje Årdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380