Kjell Oddvar Frøysa samlagsmeister

 

Kjell Oddvar Frøysa, Sunnylven skyttarlag skaut seg heilt til topps og vart samlagsmeister felt laurdag. Også rekrutt Kristian Frøysadal Hauge fekk medalje.

Kjell Oddvar Frøysa gjorde «comeback» i skyting kan ein lese på Sunnylven skyttarlag si nettside. Det enda opp med at han vart samlagsmeister felt under stemne på Overvoll i Strandadalen. På andre plass kom Ivar Fivelstad, også han frå Sunnylven skyttarlag.

Rekrutt Kristian Frøysadal Hauge viste også ferdigheiter som konkurranseskyttar og kom på tredje plass og tok si aller fyrste medalje. Truleg ikkje den siste.

Sjå meir frå stemnet og resultat her:  http://www.skyttar.no/

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380