Lokalnytt

Knallbra grendakveld

Her blir det feira gullbryllaup med sjampanje og høg glasføring.
Her blir det feira gullbryllaup med sjampanje og høg glasføring.

Latterbrøla runga i Sunnylven samfunnshus laurdag kveld. Årsaka var «Dalarane» sine kreative programinnslag under årets grendakveld. Det vart ei forestilling til toppkarakter.

Det låg forventning i lufta hos alle som fylte opp samfunnshuset laurdag kveld, for «Dalarane» er kjende for å gjere på stell det dei blir bedne om. Slik vart det også denne gongen som programvertar for årets store underhaldningskveld, den etter kvart så tradisjonsrike grendakvelden i Sunnylven.

At noko stort var i vente fekk vi føling av alt ved inngangen, for der låg den raude løpar utrulla heilt inn i storstova. Rundt 230 forventningsfulle sessa seg for å få årets nyheiter frå bygda utpakka og presentert på morosamt vis, og dei fekk valuta for inngangsbilletten. Det vart ein sprakande revy som sleit i lattermusklane gjennom over ein time, det var berre å lene seg tilbake i stolen , om ein greidde det då, og bli servert.

Rimsmed

Rimsmeden Peder Rune Tronstad var kreativ med sine rablerier.
Rimsmeden Peder Rune Tronstad var kreativ med sine rablerier.

Sjeldan har vel publikum i Sunnylven samfunnshus humra og mora seg så storleg som laurdag der dei fekk høyre viser med kreative tekstar, sketsjar og ikkje minst programhelsingar og anna prosa av Dalen sin store rimsmed, Peder Rune Tronstad. Aktørane var ei lett blanding av unge og eldre, og dei hadde sitt eige husband som sytte til tonefylje til vakker song av Inger Ringdal Sæter, til ordførar Tryggestad sin versjon av «Jag trodde englarna fanst», og til popgruppa «Hole Ivars».

høyrelista

Livleg leik på pianotangentane sytte unge Lars Kvam Karbø for og spela ragtime, vi fekk oppleve ulvejakt på Tryggestad, ei dramatisk episode som enda bra, og det var ei fyrste prøvesending på ein ny radiostasjon, radio SunnylvsFjord. Vi var også innom legekontoret der doktor Hole sette fleire tunghøyrte pasientar på vent, på høyrelista. Av andre nyhende som vart presentert må takast med at Mulla Krekar er komen til kommunen for å bli busett på Stranda.

Leif Arne Fivelstad som Mulla Krekar og Peder Rune Tronstad som Siv Jensen
Leif Arne Fivelstad som Mulla Krekar og Peder Rune Tronstad som Erna Solberg.

Såre minner

Og så vart det Gullbryllaupsfeiring likevel med sjampanje og høg glasføring, men med mimring og litt såre minner om kva Sunnylven hadde mista etter samanslåinga for 50 år sidan. På Hellesylt var så mange butikkar med kreativt vareutbod, der var meieri, skomakar, eige kommunehus med skreddar, telefonsentral og kafe. Det vart ein skrell på alt dette etter at det kom hol igjennom fjellet, då fekk alle utferdstrang. Kanskje burde vi mure igjen holet og leve lukkeleg med det vi har i dag, skule, slakteri og bank, gjekk praten på rundt jubileumsbordet. Det vart ingen endeleg konklusjon av den festkledde forsamlinga, men å feire Gullbryllaup var då kjekt!!

Leverte det beste

«Dalarane» fekk programoppdraget til grendakvelden og leverte. Kvart år går kommentarane på at dette var beste grendakvelden nokon gong. I år trur vi «det beste» er det rette ordet. Det var berre kjempebra, det er vanskeleg å finne ord som fortel kor sprudlande kreativt og treffande det sat frå fyrste til siste innslag. Eit stort Bravo for unge og eldre programvertane frå Dalen.

Inger Ringdal Sæter og husbandet.
Inger Ringdal Sæter og husbandet.
Jan Ove Tryggestad og Gunnhild Foldal
Jan Ove Tryggestad og Gunnhild Foldal
"Hole Ivars", frå venstre Oddmund Fivelstad, Jostein Hole, Ivar Bjarne Tronstad.
«Hole Ivars», frå venstre Oddmund Fivelstad, Jostein Hole, Ivar Bjarne Tronstad.
Ulvejakt på Tryggestad som enda godt til slutt.
Ulvejakt på Tryggestad som enda godt til slutt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380