LokalnyttLokalsport

Langrenn og skiskyting søndag

Ny siger til Kristine Hjellbakk Hole, denne gongen i Vetenrennet i Nordfjord.
Ny siger til Kristine Hjellbakk Hole, denne gongen i Vetenrennet i Nordfjord. (Foto: Privat)

To løparar frå Sunnylven IL deltok i Vetenrennet søndag, og skiskyttar frå klubben var 14 sekund frå bronse i junior-NM.

Det vart siger til Kristine Hjellbakk Hole, Sunnylven IL i jenter 13 år under Vetenrennet i langrenn søndag. I ei  3 km. lang løype kom ho i mål på 9.04 og var 24 sekund føre Gunn Kristi Tvinnereim, Hardbagg IL. På tredje plass kom Malene Hopland, også Hardbagg IL. Også Elias Helset deltok i rennet i gutar 10 år.

Junior-NM skiskyting heldt fram i Alta søndag med stafettar. Med Trygve Aaland Tryggestad på laget gjekk Sogn og Fjordane SSK lag 1. inn til 4. plass. Saman med Johan Erik Meland, Isak Flo Bødal og Erlend Solhaug Myklebust avslutta Trygve ein god stafett vel 3.40 bak Buskerus SSK lag 1. som vann klasse 17/21 år, og berre 14 sekund frå bronse. Aaland Tryggestad leverte ei sterk siste etappe og med berre eitt bomskot av ti.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380