«Nyar opp» gamalt skulehus
Nye utbetringar og detaljar har kome på plass i det gamle skulehuset på Hellesylt. Ei gamal fyllingsdør er på plass og vedomnen blir sett i stand.
Foreininga Gameskulens Aktivitetsmuseum eig det gamle skulehuset på Hellesylt frå 1898. Måndag 20 april er det årsmøte i foreininga og møtestad er i den gamle skulestova. Då reknar styret med at våren er komen til Hellesylt, men skulle det framleis vere kjøleg i veret blir ikkje det eit problem. Den gamle vedomnen blir i desse dagar sett i stand og både skorstein og omn er godkjent for bruk, får vi opplyst.
Også andre detaljar i skulestova blir tilbakeført til gamal stil. Ei kryssfinerdør er skifta ut med fyllingsdør frå eit eldre bygg. To andre fyllingsdører skal også på plass etter kvart.
I fjor vart deler av skulebygget måla utvendig. Dette arbeidet er planlagt å fullføre i år når litt råteskada veggkledning og nokre glasliste er skifta.