Lokalnytt

Peer Gynt Galleriet interesserte mange

Den Grønnkledde og Dovregubbens Hall, to av trerelieffa i Peer Gynt Galleriet.
Den Grønnkledde og Dovregubbens Hall, to av trerelieffa i Peer Gynt Galleriet.

Det vart mange klikk på saka frå den ekstraordinære generalforsamlinga i Peer Gynt Galleriet onsdag denne veka.

Eit døger etter at referat frå møtet var lagt ut på nettstaden hellesylt.info hadde 332 lese saka. Besøkstala viser at mange er opptekne av kunstsenteret med dei unike trerelieffa etter kunstnaren Oddvin Parr.

Det nye styret ynskjer å få til god drift i kunstsenteret. Men tida er knapp og mykje må på plass, men vi veit at det nye «mannskapet» har forutsetningar for å ta gode avgjerdsler.

Dei flotte trerelieffa frå kunstnaren Oddvin Parr si hand med motiv frå Henrik Ibsen sitt drama Peer Gynt, vil framleis fenge mange, men publikum ynskjer seg meir. Utan ein kafeteria i drift blir det lite besøk. Vi håper også at kulturgruppa ved kunstsenteret vil lukkast i å tilby både underhaldning og utstillingar. Og vi har tidlegare landsert kveldar med lokale song og musikkrefter, det vil koste lite, men fenge, trur vi.

Det er mange som har starta i det små og lukkast. Vi håper den store interessa kring lagnaden til Peer Gynt Galleriet kan vere til inspirasjon for det nye styret i arbeide med å få til framhaldande drift. Det er viktig for Hellesylt.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380