Lokalnytt

Premiert for beste geitebukk

Inge Røyrhus med prisen frå årsmøtet i Møre og Romsdal Sau og Geit.
Inge Røyrhus med prisen frå årsmøtet i Møre og Romsdal Sau og Geit.  (Foto: Privat)

I fjøset til Inge Røyrhus i Sunnylven står fylkets beste geitebukk.

Helga 28. februar/1. mars var det årsmøte i Møre og Romsdal Sau og Geit i Molde. Utanom vanlege årsmøtesaker vart det delt ut fleire prisar til bønder for god dyreavl.

Inge Røyhus var invitert til årsmøtet for å ta mot utmerking for beste bukk i Møre og Romsdal i 2014. Geitebukken med nr.2012.430 har avlsverdi på 127. Premien Røyrhus kunne ta med heim var eit fint trefat måla av Laila Garlid, Stryn, og i tillegg ein blomsterbukett.

Det er tredje år på rad tidlegare Sunnylven Bukkering får premie for beste geitebukk i fylket.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380