Rotvelte over turveg på Ljøen

Fleire store lauvtre har velta over Den Trondhjemske postvei på strekninga frå Nedre Ljøen til Ljøkaia.
Om lag halvvegs mellom Nedre Ljøen og Ljøkaia ligg ei stor rotvelte med fleire tre og sperrar over den populære turvegen. Det er ikkje lett å kome forbi, underteikn måtte ta i bruk både lav åling og klatring. Ingen andre skader var synlege etter vegen ned til Ljøkaia.
Det må nok kyndig mannskap med motorsag til for å fjerne dei store seljetrea som har stubba, truleg for ei vindkule. At det er i Landskapsvernområde hindrar vel ikkje at skogen vert saga og rydda vekk etter den populære turvegen.