Står på for eigen kokk

Sunnylven omsorgssenter. (Arkivfoto)

Sunnylven omsorgssenter. (Arkivfoto)

Foreininga for pårørande ynskjer tilsett eigen kokk i 80 % stilling ved Sunnylven omsorgssenter. Tala for kostnaden er kommune og foreining usamde om.

I brev frå Stranda kommune og ass. Rådmann Kjartan Lied blir kostnaden med eigen kokk i 80 % stilling sett til om lag 600.000.- kroner pr. år.

Dette kan ikkje stemme, meiner foreininga for pårørande i sitt tilsvar. Dei har utrekningar på at kostnaden blir 379.284. kroner for året inklusiv alle andre lønsytingar. I tillegg kjem råvarekostnader. I dag kjem maten ferdig tilkøyrd, noko bebuarane betaler 648.000.- kroner for pr. år.

Viser til Helse og omsorgsplan

Slik stoda er i dag må dei som arbeider ved omsorgssenteret bruke av si arbeidstid til å varme og lage maten klar. Dei må såleis gå mellom stell og matlaging. Dette er ikkje ein heldig situasjon og gjer også at tida på avdelinga blir redusert, heiter det i brevet der dei også viser til kommunen sitt forslag til ny Helse og omsorgsplan.

Kosthald viktig for helse

I Helse og omsorgsplanen for Stranda kommune for 2015 – 2018 blir det vist til at myndigheitene vil tilstrebe at maten blir laga på sjukeheimane. Brukarar skal ha høve til å velje frå menyen, delta i matlaging og ha måltida som ein del av ein sosial aktivitet. Det blir også framheva at godt kosthald er viktig for god helse.

Sendt til politikarane

Sunnylven omsorgssenter er langt frå denne målsetjinga, Flotte målsetjingar i planen fortener å bli gjort til konktret handling. Det fortener dei som bur ved Sunnylven omsorgssenter og det krev nye brukarar, skriv pårørandeforeininga i svarbrevet.

Foreininga for pårørande ved Sunnylven omsorgssenter har sendt svarbrevet til ass. Rådmann Kjartan Lied, ordførar og gruppeleiarar for alle politiske parti i Stranda kommunestyre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380