Lokalnytt

Storfjordstemne på Kurlå

Storfjordens Venner vil bevare huset på Kurlå og har starta restaureringsarbeidet.
Storfjordens Venner vil bevare huset på Kurlå og har starta restaureringsarbeidet.

Den gamle buplassen Kurlå på Åseneset i Sunnylvsfjorden blir stemnestad for året Storfjordstemne. Datoen er 7. juni, opplyser leiar i Storfjordens Venner Kjell Løseth.

-Storfjorden Venner har starta restaureringsarbeidet på stovehuset på Kurlå. Vi ynskjer å ta vare på huset på buplassen som vart fråflytta på 1920-talet. Vi starta opp arbeidet i fjor med Kjell Løvoll som restaureringshandtverkar og med ein del dugnadsfolk som rydda i området. Huset er i dårleg forfatning, men fagfolk meinar at det framleis er råd å berge det slik det ein gong stod, fortel leiar i Storfjordens Venner Kjell Løseth.

Heile arbeidet med dugnadsarbeid er rekna til å koste 1.5 mill. kroner. Det er søkt Verdsarvmiddlar for 1.3 mill. kroner.

Landbruksministeren stemnetalar

Her på Kurlå, den vesle buplassen på Åseneset like ved Hellesylt skal Storfjordstemne 2015 haldast  søndag 7. juni. Stemnetalar blir landbruks –og matminister Sylvi Listhaug frå Sjøholt, fortel Løseth.

Til Kulå kan ein kome seg på fleire måtar. Storfjordens Venner set opp båt frå Hellesylt som ein kan ta, eller ein kan gå etter trimråsa frå Korsbrekke eller ned frå Åsen, begge turar som tek ca. 20 minutt.

Jubileumsår

I år er det 40 år sidan Storfjordens Venner vart skipa. Det skjedde i Møllstunet i Geiranger 7. juli 1975, fortel Kjell Løseth. I den samanheng gjev organisasjonen ut ei jubileumsbok ført i pennen av Eldar Høydal, Helge Søvik og Harald Kjølås. Bøka blir seld fyrste gong under Storfjordstemne på Kurlå.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380