Lokalnytt

Stranda Energi fornyar høgspentlinje

Eit helikopter frå 62 Nord flaug ut 40 kraftstolpar.
Eit helikopter frå 62 Nord flaug ut 40 kraftstolpar.

Stranda Energi AS skal bygge ny høgspentlinje frå Frøysa til Vollset i Sunnylvsbygda. Utflyging av mastrer er no gjort.

Det er selskapet One Nordic Kraftmontasje som er leigd inn for å gjere jobben med å bygge ny høgspentlinja frå Frøysa til Vollset. I alt 40 mastrer vart frakta ut i terrenget med helikopter onsdag og lagt der dei skal reisast. Arbeidet startar opp tidleg til sommaren, fortalde Vebjørn Kragset i linjefirmaet.

Etter kvart skal høgspentlinja i heile Sunnylvsbygda bli ny, fortel nettsjef i Stranda Energi, Terje Årdal. Til no er det lagt kabel frå Sanden ved Hellesylt til Kjellsmyra. Der i frå skal det vere luftspenn grunna mykje fjell, før det igjen blir kabel frå Hauge til Frøysa.

-Vi forsterkar linja frå Frøysa og oppover no då der er kome eit kraftverk som leverer straum og det er snakk om at det kjem eitt til. Og når vi fyrst skal forsterke linja, vel vi å skifte også stolpane, seier Terje Årdal. Heile høgspentlinja skal vere ferdig i løpet av 2015.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380