Tre plakettvinnarar frå Fjellrosa 4H.

Inga Elise Vik, Nanna Frøysa Hellebostad og Håkon Elias Kjellstad er alle tildelt 4H-plaketten, den høgaste utmerkinga i Norske 4H.
Årsmøte og fest med utdeling av 4H-plakettar til 35 jenter og gutar frå Møre og Romsdal fann stad i Malmefjorden laurdag 28. februar.
Frå Fjellrosa 4H i Sunnylven hadde heile tre medlemer gjort seg fortent til denne høge utmerkinga, Inga Elise Vik, Nanna Frøysa Hellebostad og Håkon Elias Kjellstad. Dei to sistnemde var til stades, Inga Elise var i Alta på junior-NM skiskyting.
Alle tre tok til som aspirantar i Fjellrosa 4H i 2006 og etter då har dei vore aktive medlemer og levert godkjende oppgåver i ni år. Kravet er minst sju år for å få tildelt plaketten. I 4H-klubben har alle også vore med i styret og hatt andre ulike verv.
hellesylt.info gratulerer dei tre så mykje med 4H-plaketten.