Usikker tilstand på Ljøkaia

Her viser bildet at stein har rasa ut i fundamentet på Ljøkaia. (Foto: Ole Johnny Brekke, 2008)

Her viser bildet at stein har rasa ut i fundamentet på Ljøkaia. (Foto: Ole Johnny Brekke, 2008)

Sist veke var dykkarar nede for å undersøkje tilstanden på fundamentet til Ljøkaia, om mykje stein er rasa ut.

Det er vedteke at Ljøkaia i Sunnylvsfjorden skal restaurerast. Til arbeidet er det løyvd 1.2 mill. kroner. Merete Løvoll Rønneberg er prosjektleiar og ho håper arbeidet kjem i gong så snart som råd. Tidlegere har det blitt antyda oppstart i mars når fjøre sjø er lav, men ein veit at det er rasa ut stein i fundamentet under sjøflata som må ordnast på.

Sist veke var dykkerar på plass for å undersøkje fundamentet, fortel Merete Løvoll Rønneberg. Ho har ikkje fått rapporten frå dykkarfirmaet i Stryn om tilstanden enno. Grunnforholda er gode, kaia er mura på fjell.

Avhengig av rapporten blir det to løysingar for å reparere fundamentet, mure det opp igjen frå grunnen av eller støype om skaden er liten. Om heile fundamentet må murast opp igjen blir det eit omfattande arbeidet som må lysast ut på anbod. Skulle det berre vere få steinar som har glidd ut, har Rønneberg forstått det slik at ein kan forskale og støype litt. Det blir også ei langt rimelegare løysing.

Sjølvsagt skal det også nytt toppdekke på, for kaia skal setjast i god stand i tett dialog med fylkeskonservatoren. Ljøkaia skal bevarast slik at den kan brukast, seier Merete Løvoll Rønneberg.

Ljøkaia B

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380