LokalnyttLokalsport

Vann alt i SBM-cupen

Kristine Hjellbakk Hole under avslutningrennet i Valldal søndag. (Alle foto: Hans Hole)
Kristine Hjellbakk Hole under avslutningrennet i Valldal søndag. (Alle foto: Hans Hole)

Kristine Hjellbakk Hole vann alt under avslutningsrenna i Sparebanken Møre Cup i helga.

Laurdag var Stordal IL og Liabygda IL vertskap for det nest siste rennet i Sparebanken Møre Cup. Frå Sunnylven IL deltok Kristine Hjellbakk Hole og vann si klasse jenter 13 år. Over 3. km. klassisk var ho suveren, heile 37 sek. føre nr. to, Guro Eline Vollan, Tomrefjord IL.

Same rekkefylje vart det under avslutningsrennet søndag med Valldal IL som arrangør. Over 1.5 km gonge to med skibyte vann Kristine på 10.53, Guro Eline Vollan kom i mål på 11.59. Med andre ord ein suveren siger.

Kristine Hjellbakk Hole har ikkje delteke i alle renn i SBM-cup, mellom anna på grunn av deltaking Ungdomens Holmenkollrenn, men i mange nok til at det vart delt samanlagtsiger med Guro Eline Vollan. Premien var mellom anna gåvesjekk frå Sparebanken Møre.

Dermed er langrennssesongen over for i vinter, ein sesong med store framskritt for ei god og kanskje ny langrennsstjerne frå Sunnylven IL. hellesylt.info gratulerer og ynskjer lukke til med trening framfor neste sesong.

Alle vinnarar samanlagt i SBM cup. Kristine Hjellbakk Hole i grøn jakke til høgre.
Alle vinnarar samanlagt i SBM cup. Kristine Hjellbakk Hole i grøn jakke til høgre.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380