Lokalnytt

Årsmøte i Ljøbrekkas vener

Frå toppen av Brekka mot Herdalen.
Frå toppen av Brekka mot Herdalen.

Det vart små utskiftingar i styret og Petter Hjørungdal held fram som leiar i Ljøbrekkas vener.

Ljøbrekkas vener, interesseorganisasjonen for bevaring av Den Trondhjemske postvei frå Ljøen til Herdal har halde sitt fyrste årsmøte. Organisasjonen med 199 betalande medlemer vart starta våren 2014, men kan i ei fyldig årsmelding vise til stor aktivitet og mykje godt utført arbeid det fyrste året.

Leigd hjelp og dugnad

Postvegen er no ferdig utbetra frå parkeringsplassen i Herdal til foten av Brekka på Strandasida. Arbeidet der er også finansiert og betalt. Mykje arbeid er utført av leigd arbeidskraft, men også dugnadslista har blitt lang. Folk er svært positive og ser fram til at prosjektet skal verte ferdig, står det å lese i årsmeldinga.

Vidare blir det opplyst at prosjektet i 2014 var kalkulert til 2.758.625.- kroner. Arbeidet med å få inn desse pengane kravde mykje energi, men støtte frå næringsliv, bankar, privatpersonar, organisasjonar og andre kom vel med. Ei løyving frå Fylket på inntil 500.000.- kroner gjorde at finansieringa kom i hamn.

Startar på Ljøen-sida

I år er det strekninga frå fylkesvegen på Ljøen til Spønhaugen som står for tur. Arbeidet her er tenkt starta opp i august med utbetring av murar, lage betre veggrøfter og stikkrenner og fylle på nytt vegdekke der det trengs. Ein er no i gong med å finansiere neste års arbeid.

Ljøbrekkas vener håpa at utbetringsarbeidet på Postveien vart organisert som eit kommunalt prosjekt, noko som ville bety mykje for økonomien ved at ein då fekk full momsrefusjon. Det er utarbeidd ein avtale mellom kommunen og Ljøbrekkas vener for å formalisere samarbeidet.

Styret

Petter Hjørungdal vart attvald som leiar i styret. Andre styremedlemer er: Ottar Aashamar nestleiar, Ole Johan Lillestøl kasserar, Ruth Hole Aaland sekretær, Erling Ljøen, repr. for grunneigarane.

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380