LokalnyttLokalsport

Avslutta på Liatoppen

Inger Ringdal Sæter (raudt) kom på ein sterk 11. plass laurdag. (Foto: Emilie Brekke)
Inger Ringdal Sæter (raudt) kom på ein sterk 11. plass laurdag. (Foto: Emilie Brekke)

Unge skiskyttarar i alder 11 – 16 år var samla til avslutningsrenn under Bendit Liatoppen Skiskyttarfestival i Hallingdal i helga.

Det årlege skiskyttartreffet i Ål i Hallingdal, verdens største skiskyttarrenn vart arrangert i helga. Mellom dei 1150 deltakarane var fem deltakarar og fire leiarar frå Sunnylven IL . Lone Ringdal, Johanne Ringdal Sæter, Kasper Ringdal, Inger Ringdal Sæter og Emilie Brekke frå Sunnylven skiskyting gjorde alle gode renn, med Inger Ringdal Sæter sin 11. plass i jenter 15 år som beste plassering. Det vart gått renn både laurdag og søndag.

Plasseringar laurdag og søndag med skyteresultat:

Jenter 11 år: Lone Ringdal, ikkje rangert resultatliste (0-0)

Jenter 12 år: Johanne Ringdal, 57. (2-2)  58. (1-3)

Gutar 14 år: Kasper Ringdal 72. (4-1)  41. (0-1)

Jenter 15 år: Inger Ringdal Sæter 11. (2-1)  30. (2-3)

Jenter 16 år: Emilie Brekke 32. (0-1)  37. (0-1)

Leiar i skiskyttargruppa i Sunnylven IL, Magne Brekke var med til Liatoppen Skiskyttarfestival. –Det er sjølvsagt viktig å gjere det bra i konkurransar, men også å treffe og bli kjent med andre. Sjølv om det ikkje vart pallplasseringar var det ei fantastisk helg og ei fin avslutning på konkurransesesongen, sa han.

Magne Brekke opplyste at skiskyttargruppa planlegg ei lita samling med løparar og leiarar i Sunnylven IL, ei sosial markering som punktum på ein lang sesong med mange fine resultat.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380