Damelaget vann mot Spjelkavik.
Sunnylven/Stranda sitt damelag har fått ein fin start på sesongen. Mot Spjelkavik tok laget alle tre poenga.
Det vart siger 2-1 på bortebane mot Spjelkavik for Sunnylven/Stranda sitt damelag onsdag. Stillinga ved pause var 0-0. I andre omgang ordna Hanne Slettebakk 1-0 til gjestane og Christina Sve Hagen la på til 2-0 i det 85 minutt. Like før slutt reduserte Spjelkavik , men med 2-1 til Sunnylven/Stranda reiste alle poenga langt inn i Storfjorden.
Samarbeidslaget har no fire poeng etter to kampar, like mange som laget oppnådde i heile fjorårssesongen. Det lovar bra for laget som i år består stort sett av spelarar frå Stranda. Berre målvakt Lillian Aasheim var med frå Sunnylven i laguttaket til kampen mot Spjelkavik onsdag.
Neste kamp er borte mot Selje/Åheim laurdag, før Sunnylven/Stranda møter topplaget Herd på Stranda stadion onsdag 5. mai.