Deltok på Fylkesmønstring

Deltok på Fylkesmønstring, frå høgre: Ingeborg Langeland, Inger Ringdal Sæter, Knut Iver Røyrhus, Maria Langeland, Berting Lade, Erik Torset.

Deltok på Fylkesmønstring, frå høgre: Ingeborg Langeland, Inger Ringdal Sæter, Knut Iver Røyrhus, Maria Langeland, Bertine Lade, Erik Torset. (Foto: Anita Langeland)

I helga var det UKM, Fylkesmønstring i Herøy kulturhus. Frå Hellesylt var både Maria Langeland og bandet Nameless kvalifisert og deltok.

Maria Langeland deltok med gitar og song der ho framførte songen «Holes». Ho var også med som vokalist i bandet «Nameless» og Hellbillies-låta «Leite etter lykka». Deltakarar i «Nameless» i tillegg til Maria Langeland er Bertine Lade gitar, Ingeborg Langeland piano, Inger Ringdal Sæter gitar, Knut Iver Røyrhus slagverk, Erik Torset bass.

Korleis det gjekk på Fylkesmønstringa kjem vi med meir om seinare. Høyr «Nameless» framføre «Leita etter lykka»: http://tv.ukm.no/fylke/moreogromsdal/2015/6426-Nameless/

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380