Lokalnytt

Demonstrerte jordbruksmaskiner

Jordpløying med treskjærs vendeplog
Jordpløying med treskjærs vendeplog

Det var stort frammøte då Felleskjøpet Agri og Landbruk Nordvest demonstrerte traktorreiskap for jordbearbeiding i Sunnylven tysdag.

Frå store deler av Sunnmøre og frå Hornindal kom bønder for å sjå det siste av effektive traktorreiskap til jordbearbeiding. Ein tidleg vår gjer at mange bønder er klare for gjødsling og såing alt no.

Bønder nyar opp igjen ein del eng kvar vår og til det bruk vart store og effektive maskiner demonstrert hos Jørgen Helset tysdag. Felleskjøpet Agri stilte med fleire traktorar, ein treskjærs vendeplog, ei 4.5 meter brei maskin med tre tromlar og slåddeskjær, og ei skålharv som både harva og slådda jordsmonnet i same operasjon. Den kunne også monterast på såfrømaskin.

Det var stor interesse for demonstrasjonen, Kring 40 bønder frå eit vidt distrikt kom for å sjå og bli kjende med bruk og pris. Frå Hellesylt drog Felleskjøpet Agri med utstyret til Mo ved Førde for nye demonstrasjonar onsdag.

Trommelmaskin med slåddeskjær
Trommelmaskin med slåddeskjær

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380