Lokalnytt

«Der Mannschaft» vann påskeQuiz

Quizvinnarar, frå venstre Trond Tryggestad, Jo Endre Frøysadal, Ole Aasen, Jan Otto Åsen, Olav Helge Matvik, Per Kjell Leite.
Quizvinnarar, frå venstre Trond Tryggestad, Jo Endre Frøysadal, Ole Aasen, Jan Otto Åsen, Olav Helge Matvik, Per Kjell Leite.

Ein sterk andre runde av «Der Mannschaft» enda med siger i påskeQuizen på Peer Gynt Galleriet onsdag, ei spørsmålstevling som samla rekordstor deltaking.

Påskequizen onsdag kveld var eit samarbeid mellom Peer Gynt Galleriet og fotballgruppa i Sunnylven IL. Der tevla heile 110 personar og 20 lag om poeng og heider i to rundar med femten spørsmål i kvar.

Med 25 poeng i andre runde skåra seksmannslaget «Der Mannschaft» best og vann årets påskequiz på Peer Gynt Galleriet. Etter femte plass i fyrste runde slo Trond Tryggestad, Jo Endre Frøysadal, Ole Aasen, Jan Otto Åsen, Olav Helge Matvik og Per Kjell Leite til med beste poengsum i andre omgang og sikra seg sigeren og gåvekortet på 500.- kroner. Laget var to poeng føre «Påskeharane» som igjen var to poeng framom  «Aasen/Nilsen United» på tredje plass.

Quizen på Peer Gynt Galleriet var vellukka og godt gjennomført av quizarane Jens Arve Forbord og Eivind Louis Helset.

Resultat:

  1. Der Mannschaft 23 – 25 =48
  2. Påskeharane 24 – 22 =46
  3. Aasen/Nilsen United 24 – 20 =44
  4. Dei 7 dødssyndene 25 – 18 =43
  5. Nesten øvst 25 – 18 =43
  6. Peer du lyver 22 – 18 =40
  7. Fivelstad International 22 – 18 =40
  8. I topp Form(vac) 21 – 18 =39
  9. Reiselaget pluss 21 – 17 =38
  10. Berits brune pinner 20 – 17 =37
  11. Helsetkopane 21 – 15 =36
  12. Blanda drops 20 – 15 =35
  13. Laksetun 18 – 16 =34
  14. Utsidarna 19 – 15 =34
  15. Klinkokos 18 – 14 =32
  16. Ufsedrøpane 18 – 14 =32
  17. Dei som dreg ned snittalder 16 – 13 =29
  18. Fifty and fun in Tryggestad 18 – 11 =29
  19. Fløgvetet 16 – 11 =27
  20. Grøftegutane 12 – 8 = 20 Vinnar 2    Vinnar 3

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380