«Ei kommune å vere stolt av»
Slik står det å lese på framsida til Stranda kommune si nye informasjonsbrosjyre. Ei treffande utsegn.
Ved å bla seg gjennom informasjonsfoldaren/brosjyra og lese om Stranda kommune sine mange tilbod og naturherlegheiter trur vi innleinga «Ei kommune å vere stolt av» er rett.
Dei fire bygdelaga har alle fått sin plass og representert med både unge og eldre, og også det varierte næringslivet er godt profilert gjennom bilete og annonser.
Heile brosjyra er godt gjennomarbeidd synest vi og eit flott utstillingsvindauge av Stranda kommune.
Trykk på lenkja og bla deg gjennom: http://www.visbrosjyre.no/stranda_kommune/MailView/