Få diskuterte besøksforvaltning

Hellesyltfossen, eit landemerke og ei merkevare for Hellesylt.

Hellesyltfossen, eit landemerke og ei merkevare for Hellesylt.

-Mangel på marknadsføring er bremsekloss i utvikling av turistnæringa på Hellesylt og i Sunnylven.

Felles marknadsføring var eit av stikkorda som gjekk igjen under møtet om besøksforvaltnig på Hellesylt måndag. På Sunnylven kyrkjelydshus møtte 16 personar, noko mindre enn det næringssjef i Stranda, Inge Bjørdal hadde håpa på. Agenda for møtet var å krydre ein plan med idear for besøksforvaltning i Geirangerfjorden Verdsarvområde. Måndag handla møtet om Hellesylt og Sunnylven og onsdag er det nytt folkemøte i Geiranger.

Tilreisande på møtet på Hellesylt var Jøran Johansen og Hanne Lykka frå Nærøyfjorden Verdsarvpark og Linn L. Myrvold og Katrin Blomvik frå Geiranger.

Før forsamlinga vart delt inn i arbeidsgrupper orienterte Hanne Lykkja om korleis Nærøyfjorden hadde laga sin plan.

 Fire hovudtema var oppgåvene :

*Aktivitetar – sjå, vere, gjere og lære.

*Opplevingar – åleine, familie, grupper, stille natur, Disneyland

*Attraksjonar – natur, kultur, kva er verdsarvverdiar, det som er så eineståande og sjeldan.

*Landskap – sett frå fly, profil, overordna trekk, historie, segner og soger, konkurransefortrinn.

Det vart mykje myldring kring dei fire oppgåvene. Det som gjekk igjen angåande aktivitetar var å tilby turistar sykkelutleige og sykkelturar då området i Sunnylven hadde mange dalføre med liten trafikk. Kanskje burde ein satse på el.syklar for mange vegar i området er bratte.

Av opplevingar vart sjølvsagt Peer Gynt Galleriet trekt fram, men også bygdetunet, kyrkja, gamleskulen og ei gatevandring i Hellesylt sentrum var verd å få med seg. Området var rikt på opplevingar i naturen, flora og fauna.

Bremsekloss

Fleire kom inn på felles marknadsføring og meinte at det har vore ein bremsekloss for utviklinga. Ein av dei som etterlyste meir her var Frank Bonsaksen.

-Hellesylt har mykje fint, men få veit at det er der, sa han og kom med eit eksempel på vanskar ein møter. –Det er løyvd pengar til restaurering av Ljøkaia, men å få laga ei flytebrygge i tillegg slik at folk kjem seg trykt på land er ikkje lov. Kaia ligg innafor Verdsarvområdet.

Ikkje svoltne

Også kaihuset på Hellesylt burde vore nytta til tiltak innan turisme, for sykkel –og kajakkutleige til dømes. Men prisen for huset har til no bremsa for kjøp. Kanskje er ikkje folk på Hellesylt svoltne nok på nye arbeidsplassar, sa Bonsaksen.

Når det galdt offentleg støtte til tiltak var det mange ordningar å søkje på sa næringssjefen i Stranda. Samfunnet satsar relativt mykje på å hjelpe fram nye idear og tiltak, sa Inge Bjørdal.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380