Fleire timar venting
Fjellflyging til Helsetkopen på fredag kom i gong etter fleire timar venting. Ei tåkesky i toppen av fjellet forsenka starten.
Rundt klokka 16.00 fredag letta Nord helikopter med dei fyrste basehopparane og kurs for toppen. Til då hadde tåke hindra sikten frå start til mål, men ut over ettermiddagen vart det fantastiske forhold i Kopen.
Cato Nordbakk hos arrangøren fortel at dei fekk gjort unna to kvalifiseringshopp og er klare for konkurransen i morgon laurdag. Då startar det heile kl. 09.00 om veret er bra.