10. juli 2026

Formvac heidra tilsett

Magnar Hauge var glad og stolt for å få gullklokka
Magnar Hauge var glad og stolt for å få gullklokka

Magnar Hauge har vore tilsett ved Formvac i 30 år. Laurdag fekk han gullklokka av bedrifta.

Tretti år og ein dag etter at Magnar Hauge vart tilsett ved Formvac AS på Hellesylt vart han gjort stas på av sin arbeidsgjevar. Og gåva var eit gullur, ei tildeling den trufaste medarbeidaren sette stor pris på. Det var under ein middag for alle tilsette ved Formvac på Villa Norangdal laurdag at overrekkinga fann stad.

Magnar jobba ved Brunstad, Stranda, men i 1985 ville han prøve seg i noko nytt, han gjorde eit vegval og kom tilbake til Hellesylt. -Eg har jobba ved ein god arbeidsstad, noko mine tre tiår ved bedrifta må vere ei god bekrefting på. Vi er ein samansveisa gjeng, frå leiing til arbeidsgolv, vi jobbar godt i lag og gler oss kvar dag til nye, spanande oppgåver, sa Magnar Hauge og viste stolt fram gullklokka.

Og spanande oppgåver har det blitt mange av ved Formvac. Der har Magnar jobba som produksjonsutviklar, laga former i stort antall til vakuumforminga av plastartiklar, alt i nært samarbeid med kundar både nasjonalt og internasjonalt.

Frå venstre dagleg leiar ved Formvac AS, Kjell Sindre Opsvik, Magnar Hauge og Marit Sæten Opsvik.
Frå venstre dagleg leiar ved Formvac AS, Kjell Sindre Opsvik, Magnar Hauge og Marit Sæten Opsvik.

Då han starta i jobben 10. april 1985 hadde Formvac registrert ca. 1000 ulike former. I dag er talet kome opp i 3700, kunne dagleg leiar Kjell Sindre Opsvik fortelje. Magnar Hauge har vore med på å lage 2700 nye former, fyrst i trefiber og deretter få dei støypt, i samarbeid med bedrifta sine mange kundar.

Formvac har hatt mange dyktige og trufaste arbeidarar opp gjennom åra, slo Kjell Sindre Opsvik fast. -Det betyr svært mykje både for produksjon og miljø på arbeidsplassen. Vi har vore utruleg heldige i så måte, det har blitt utført godt arbeid og vi kan vise til eit sjukefråver som ligg under ein prosent, sa dagleg leiar.

Rolf Sæten var med å starte Formvac i 1959. Han henta gullklokkejubilanten Magnar Hauge tre år etter at bedrifta  i 1982 flytta inn i nye fabrikklokale på Hellesylt.

Rolf Sæten kjende karen han hekta inn, -eg visste kva eg gjorde, innrømmer han. At Formvac AS har utvikla seg frå å lage penneskåler og skuffeinnlegg i starten til å bli ei leiande bedrift både i Norge og utanlands innan vakuumforma produkt skuldast mellom anna gode medarbeidarar som Magnar Hauge, meinte han. I dag er Formvac  AS ein stor aktør både innanlands og internasjonalt, mellom anna som storleverandør av lampeskjermar til Glamox.

Både tidlegare og dagens leiing feira gullklokkejubilanten. Frå høgre Rolf Sæten, Oddbjørg Sæten, Magnar Hauge, Marit og Kjell Sindre Opsvik
Både tidlegare og dagens leiing feira gullklokkejubilanten. Frå høgre Rolf Sæten, Oddbjørg Sæten, Magnar Hauge, Marit og Kjell Sindre Opsvik

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380

Vis alle innlegg av Fredrik Stadheim →