Framleis dyr turistferje

Turistferja Bolsøy er koma til Hellesylt og er klar for turisttrafikk på Verdsarvfjorden.

Turistferja Bolsøy er koma til Hellesylt og er klar for turisttrafikk på Verdsarvfjorden.

Det er ikkje gjort endringar i dei nye rutetakstane for turistferja mellom Hellesylt og Geiranger. Dei nye takstane aukar med 53,- prosent.

Fjord 1 har prisa opp ferjetakstane framfor årets sesong for den populære ferjeruta mellom Hellesylt og Geiranger. Ein passasjerbillett går opp frå 160.- kroner til 245.-kroner, for barn frå 79.- til 125.- og for ein vanleg personbil aukar taksten frå 320.- kroner i fjor til 490.- kroner i år. Også for bussar og andre køyrety er auken på over 50 prosent.

Saka om takstauken var oppe på møte i samferdselsutvalet i fylket i mars. Her kom det fram at Fjord 1 må søkje om å endre takstar på turistruta då Møre og Romsdal fylket er tildelar av løyve. Dette var ikkje gjort og saka skal etter planen kome opp på møte 5. mai.

Saknar lokalt engasjement

Frank Sve frå Stranda er medlem av samferdselsutvalet og argumenterte på møtet i mars sterkt for å få redusert dei høge takstane som er innført. Han vil følgje opp saka på neste møte, men er skuffa over lite engasjement frå lokalt hald.

-Så vidt eg kjenner til er det ingen lokalt som har engasjert seg skrifteleg til fylket. Eg hadde forventa at både næringslag, næringssjef, ordførar og for den del andre hadde protestert på denne takstauken som er foreslått. Det hadde vore ei stor støtte for meg når eg skal argumentere for reduserte takstar på møtet i mai. Når ingen engasjerar seg kan resten av utvalet tru at det berre er Frank Sve som bryr seg om takstane på turistferja-.

Snart sesongstart

Frank Sve håper Hellesylt Næringslag sender skriv med sitt syn i saka i god tid før møtet i samferdselsutvalet 5. mai. Og han meinar Fjord 1 må starte sesongen med dei gamle takstane då der ikkje er gjort godkjende vedtak om anna.

Turistferja Bolsøy er alt koma til Hellesylt og ligg ved kai. Den «gamle» ferja ser nymåla ut utvendig og no jobbar deler av mannskapet med vedlikehald innvendig. Ferja går sine fyrste turar på Verdsarvfjorden om ti dagar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380