Frode Johannessen vann X Base

Frode Johannessen etter landing laurdag og siger under X Base.

Frode Johannessen etter landing laurdag og siger under X Base.

Frode Johannessen, veteran som fjellflygar frå Helsetkopen vann X2 Festivalen si nye øving X Base.

Det starta vanskeleg for arrangøren i Helsetkopen. Torsdag måtte all prøvehopping avlysast grunna vertilhøva. Også fredag starta med tåke i fjellet, men frå kl. 16.00 og utover vart det glimrande forhold. Etter at snøskavlen på startplasen oppe på Helsetkopen var måka vekk vart det hoppa to omgongar der dei beste vart; Frode Johannessen, 30.57 sek. og 31.25 sek. Cato Nordbakk, 32.75 sek. og 32.53 sek. Tom Erik Heimen, 34.10 sek. og 32.97 sek.

Laurdag vart det ein teljande runde. Resultatlista der vinnaren fekk 500 euro og litt mindre til dei neste vart; 1. Frode Johannessen. 2. Cato Nordbakk. 3. Tom Erik Heimen. 4. Kristian Rønning.

Frode Johannessen, Voss har delteke i alle basehoppkonkurransar og gjort mange hopp frå Helsetkopen utanom. Eg må vere med her og vise kven som er eldst og best, sa han litt flirfull etter å ha landa trykt ved Helsetvatnet. Han kjem igjen i juli til Word Cup i basehopping, ei tevling som går samstundes med Hellesyltdagane 3. til 5. juli.

Då kjem også Tom Erik Heimen frå Molde tilbake. Det var fint på fjellet laurdag, sjølv om vi meinte det måtte vere kaldt på toppen og ferda ned. Gradestokken viste berre 3.0 pluss i landingsområdet. Nei, det var ikkje gale, vi er vande med å vere ute heile året sa han. Han fekk godkjent hoppet sjølv om han landa litt utanfor oppmerka område.

Enno lenger utanfor landa Cato Nordbakk. Han frykta ei stund at han ville bli diska av Livia Dickie, ansvarleg for konkurransen og sambuar. Men nei, nåde gjekk for rett denne gongen så Cato kunne innkassere sølvplassen i X Base (WBR), den ny øvinga under årets X2 Festival.

Cato Nordbakk til høgre og Tom Erik Heimen vart nr. to og tre i konkurransen.

Cato Nordbakk til høgre og Tom Erik Heimen vart nr. to og tre i konkurransen.

Kristian Rønning.

Kristian Rønning.

http://www.vgtv.no/#!/video/111084/dette-blir-awesome

 

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380