Hellesyltløpet går laurdag 4. juli. I år blir starten kl. 15.00, ein time seinare enn tidlegare år.
Starten på Hellesyltløpet blir i år kl. 15.00 i laurdag 4. juli. Det opplyste leiar i friidrett/trimgruppa Jostein Ringdal på allmøtet onsdag. Årsaka er at tal på deltakarar har vakse mykje dei siste åra.
-Vi er sjølvsagt interessert i at mange deltek, men mange melder seg på for seint og for nær inn mot start, så dermed har vi ikkje greidd å halde tidsskjema, sa Ringdal.
No må alle som vil delta vere påmelde ein time før start. Det skal bli høve til å melde seg på Hellesyltløpet både ved stands i sentrum og på Hellesylt stadion. Men alle som skal delta må vere registrert hos arrangøren ein time før start laurdag 4. juli kl. 15.00, sa Jostein Ringdal
