
Her kjem ein ny sætrestøl frå Audun Brekke Fjeldheim si mastergradoppgåve. Bygdastølen i Moldskreddalen var sommarsæter til gardane på Korsbrekke.
BYGDASTØLEN
Nord: 6891350
Aust: 386500
Høgde: 480 moh
LANDSKAP
Bygdastølen ligg saman med Ringdalstølen og Moldskreddalen inst i
Sunnylvsmoldskreddalen. Den inste delen av dalen utgjer eit lukka landskapsrom, der
Hesten er eit viktig landemerke. Stølen er den inste av sætrane i dalen og ligg i ei
sørvend helling vis-à-vis Ringdalstølen.
VEGETASJON
Vegetasjonsbiletet er dominert av gras og lyngtuer. På delar av sætra er det fuktige
myrdrag. Området har stort beitetrykk, sidan det framleis er sæterdrift i dalen, noko
som gjer at gjengroing ikkje er nokon stor trussel, men stadvis har det likevel kome
opp litt einer og lauvtre. Kring bygningane som er inngjerda veks det gras som skil seg
meir ut i vegetasjonsbiletet.
BYGNINGAR OG KULTURMINNE
På stølen står det i dag seks sel som i dag er bygde om til fritidsbustader. Dei ligg tett
samla og er gjerda inne. Alle er i god stand og ligg i eit spesielt mønster med lik
møneretning. I tillegg finst her murar etter seks andre bygningar – tre av desse ligg
utanfor inngjerdinga. Litt lenger sør ligg tufter etter endå ei bygning og vest for stølen
ligg delar av ein gamal steingard. Ein kan òg sjå delar av ein steingard som truleg har
gått frå elva, ca 200 meter sør for sætra, innover mot sørvest
VURDERING middels verdi
Sætra viser seg i dag meir som eit lite hyttefelt og er den av sætrane i dalen med minst
grad av autentisitet. Likevel er bygningsmiljøet harmonisk og ligg fint til i landskapet.
Strukturen på sætra er spesiell, men dessverre er ikkje sætervollen spesielt tydeleg i
landskapet.
MULIGHEITER middels potensial
Sætra er lett tilgjengeleg langs bilveg frå Ringdal, og ligg i eit flott område med mange
aktivitetsmuligheiter. Dalen har truleg eit stort utviklingspotensiale, både på grunn av
at her er sæterdrift, og på grunn av det flotte landskapet med sine turmuligheiter. All
utvikling i området må vurderast med omsyn til dei to andre sætrane.


