Innsamling av grovavfall onsdag
Onsdag 29. april kjem ÅRIM til Hellesylt for innsamling av grovavfall og anna miljøfårleg avfall.
Mange nyttar høve å levere farleg og anna stort avfall under dei årlege innsamlingane på Hellesylt som Årim (Ålesundregionen interkommunale miljøselskap) står bak i samarbeid med Stranda Gjenvinning. Slike innsamlingar har Årim ute i distrikta i Haram kommune og Stranda kommune.
Onsdag 29. april er turen komen til Hellesylt med innsamlingsstad i området ved Hellesylt bro, fortel Ingeborg Ukkelberg ved Årim. Levering av avfall er frå kl. 12.00 til kl. 18.00.
Ho seier at her kan ein levere alle typer farleg avfall som måling, lakk, lyspærer, batteri, det kan vere utrangerte møblar, tepper, små og store ting av metall, kvitevarer, brunevarer, TV-apparat og andre elektriske artiklar, syklar, bildekk og liknande. Stort sett alt i hushaldninga kan leverast, men ikkje forhaustarar og andre store maskiner. Då ville vi ha slite litt, seier Ukkelberg. Ho presiserer at innsamlinga er for privat, ikkje for bedrifter.
–Folk er positive og imøtekomande til denne ordninga. Utanom keramikk går det aller meste som blir innsamla til gjenvinning. Folk tek våroppryddninga når vi melder vår ankomst, så dette er årets høgdepunkt for mange, skjemtar Ingeborg Ukkelberg.