Klare til fotballkamp

Gler seg til at fotballen rullar igjen gjer framme frå venstre; Adrian, Selma, Markus og Trym. Bak; Sigurd, Olene, Madelen og Ottar.

Gler seg til at fotballen rullar igjen gjer framme frå venstre; Adrian, Selma, Markus og Trym. Bak; Ole Iver, Olene, Madelen og Ottar.

Laurdag hadde Sunnylven Fotball utdeling av drakter og anna utstyr til spelarar på sju lag i yngres avdeling.

Sunnylven stiller sju lag i aldesbestemte klasser i år. I tillegg samarbeider klubben med Stranda Fotball om damelag i 3. divisjon.

Sjølv om klubben ikkje makta å stille herrelag grunna mangel på spelarar blir det mange fotballkampar på Hellesylt stadion. Tre av kampane til damelaget skal spelast der, i tillegg til kampane til J16, G13, J14, J12, G11, J9 og G8. Dei to fyrste laga er 9-ar lag, resten spelar 7-ar fotball.

J9 og G8 spelar berre turneringar, resten er med i seriespel, fortel Åse Støverstein Ringdal i yngres avdeling. Ho fortel at laurdag vart det delt ut speledrakter til 67 spelarar, eller over 80 prosent av all ungdom i skulepliktig alder i bygda.  Nokre av laga har to trenarar så totalt er tolv trenarar og sju oppmenn engasjert med å få gjennomført ein ny og kjekk sesong med fotball.

Åse Støverstein Ringdal fortel at klubben har fått dipensasjon av fotballkrinsen til å nytte tre gutespelarar på J 16-laget. Det er vi svært glade for, utan hadde ikkje dei tre det gjeld hatt noko tilbod om å spele fotball i år, seier ho.

Ho fortel også at nytt av året er at offsideregel vil gjelde for dei to 9-ar laga. Det skal bli spanande å fylgje laga som er godt førebudde no. Motstandarane bør frykte oss, seier Åse Støverstein Ringdal med eit lite smil. Fyrste lag ut er J16 på tysdag. Dei møter Sykkylven borte, og torsdag er det serieopning på Hellesylt stadion med G 13 mot Ørsta.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380