Kom på 11. plass i Nice
Kari-Anne Tryggestad Ryste sprang halvmaraton i Nice sist søndag der det vart 11. plass i klassa.
I eit sterkt internasjonalt felt sprang Sunnylven IL sin gode utøvar over lange distansar, Kari-Anne Tryggestad Ryste på 1.35.45 i Nice halvmaraton. Det gav 11. plass av 318 deltakarar i klassa. Totalt mellom 3526 menn og kvinner vart det ein flott 501 plass.
Kari-Anne opna på 44.02 etter 10 km. og passerte 15. km. på 1.07.04. Halvmaraton er 21.2 km.