Lokalnytt

Må ta vare på songskatten

Olav Slettebakk fekk forsamlinga til å lytte då han kåserte om den gamle songskatten vår.
Olav Slettebakk fekk forsamlinga til å lytte då han kåserte om den gamle songskatten vår.

Songskattane våre frå eldre tider held på å døy ut og langt færre kan å syngje dei. Mange er kan hende samde med Olav Slettebakk i denne påstanden.

Olav Slettebakk frå Stranda var innhenta kåsør til vårtreffet som Sanitetslaget og Pensjonistlaget i Sunnylven arrangerte på Sunnylven kyrkjelydshus laurdag. Slettebakk tok utgangspunkt i den gamle songskatten med levande skildringar av både songane og diktarane.

Olav Slettebakk er opphavleg frå Volda der han under utdanning var elev ved øvingsskulen. -Vi var alle elevar, ingen var studentar den tida. På øvingsskulen skulle det syngjast, vi skulle starte skuledagen med song og avslutte med song, og blei det uro i klassa så ta ein song fekk vi oss fortalt. Vi lærte utruleg mange songar, sa Olav Slettebakk som kunne fortelje at han aldri har vore korsongar. Kanskje har eitt og anna kor gått glipp av ein dyktig korist, for under kåseriet gav han prov på at det medfødde instrumentet var meir enn bra enno.

Fine jenter

Han krydra reisa gjennom songskatten med fleire songar som også festlyden på kyrkjelydshuset fekk vere med på, som «Blant alle lande» og «Her ser eg fjord og fagre bygder». Han mintes lærarar som Totland og Thorleif Hauso, -då fekk vi til og med lære svenske songar, sa Olav Slettebakk.  -Å du kor fine jenter desse svenske songane skildra-.

Ein av dei store diktarane han fletta mykje av kåseriet til var Per Sivle. Per var den einaste i ein stor syskenflokk som vaks opp. Han var knytt til mor si, for faren reiste mykje rundt som hestehandlar. Då mor til Per Sivle døydde syrgde han mykje og då vart «Den fyrste song eg høyra fekk» til.

Songar om lerka

Til slutt kom Slettebakk inn på då Per Sivle, Arne Garborg og Anders Hovden var ute på fjelltur i lag og oppdaga at ingen hadde skrive ein song om lerka, den «glade» fuglen. Dermed skreiv dei kvar sin song der både «Å vesle lerka ho hev det så», «Å nei for himmel rein og klår» og «Å nei eg høyrer lerka for fyrste gong» var songar som vart til etter den fjellturen.

Kåseriet til Olav Slettebakk vart ein skuletime i song, ein rett så triveleg songtime som truleg vekte gode minner hos mange av dei frammøtte under vårtreffet til Sunnylven sanitetslag og Sunnylven Pensjonistlag.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380