Minikonsert med Joyful

Kor 1

Laurdag inviterte leiinga i ungdomskoret Joyful til korkafé på Sunnylven kyrkjelydshus. Og koret sjølv stod for underhaldninga.

Mange fann vegen innom korkaféen med Joyful. Det vart fine timar ein laurdag ettermiddag med gode kaker, utlodding og vakker song av koret. At mange kom er vel eit godt signal om at denne korskatten som Joyful er, det vil sunnylvingar ha.

Ei utlodding med dei fleste gevinstane sponsa av lokalt næringsliv gjekk raskt unna. 1250 snurrelodd vart rivne bort før dei siste kom innom kaféen. Men kaker og kaffi var der nok av, og i tillegg pølse med brød.

Til hausten er ungdomskoret 30 år. Det skal markerast med stor fest, lova styreleiar Randi Sæter og resten av leiinga. Dato er ikkje spikra enno, men det blir ein gong i september/oktober fekk vi oss fortalt.

Under korkaféen laurdag framførte Joyful med solistar seks songar under leiing av Oddbjørg Stadheim. Dei kom svært godt frå minikonserten som hadde desse songane; Maximum, Drømmeren, Engel på jord, Heier på deg, One day og Jesus is right here.

Loddseljarar som vart arbeidslause tidleg. Frå venstre Anna, Sigrid Imilie, Johanne. Loddkjøpar er Renate.

Loddseljarar som vart arbeidslause tidleg. Frå venstre Anna, Sigrid Imilie, Johanne. Loddkjøpar er Renate.

Handelen frå eit rikhaldig kakebord gjekk også unna.

Handelen frå eit rikhaldig kakebord gjekk også unna.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380