Møte i høve Sommardagar på Hellesylt.

PLanlegginga av nye, folkerike Sommardagar på Hellesylt er godt i gong.

PLanlegginga av nye, folkerike Sommardagar på Hellesylt er godt i gong.

Komande onsdag er det kalla inn til stormøte i høve arrangementet Sommardagar på Hellesylt.

Innkallinga er sendt til lag og organisasjonar som planlegg aktivitet under Sommardagane. På møtet vil det bli drøfta praktiske ting knytt til arrangementet og om og korleis laga kan bidra økonomisk til fellesutgifter knytt til «dagane». Det blir også informert om arbeidet i komiteen så langt.

Komiteen ynskjer også å få fram innspel og idear til korleis ein kan skape ei fin ramme rundt årets Sommardagar på Hellesylt som er frå 3. til 5. juli.

Det er komiteen for årets Sommardagar som kallar inn til møte der desse er med; Svein Sporstøl, Marianne Fivelstad, Erik Torset, Eivind Louis Helset, Ann Kristin Langeland, Per Ove Frøysa, Anne Marie Hauge Ljøen.

Møtet blir halde i HT Bygg Hellesylt sitt møtelokale onsdag 8. april kl. 19.30.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380