Lokalnytt

Møte om besøksforvaltning

Cruiseskipet Azura ved Hellesylt kai 7. mai 2014. 2-3000 passasjerar gjekk i land.
Cruiseskipet Azura ved Hellesylt kai 7. mai 2014. 2-3000 passasjerar gjekk i land.

Kommunane i verdsarvrådet skal utarbeide ein plan for besøksforvaltning for Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland. Dei inviterer no til folkemøte.

Kvar vil du ha fleire turistar? Kvar vil du ha færre? Vil du ha turistar til andre tider? Dette er spørsmål som blir reist på folkemøter på Hellesylt, i Valldal og i Geiranger i slutten av april. Arrangør av møta er kommunane ved ordførar.

På desse møta som er opne for alle ynskjer arrangøren innspel på kva områder ein kan peike ut og legge til rette for stort turistbesøk, og kva ein ynskjer å skåne frå massane og ha for seg sjølve.

Til sommaren skal forskarar spørje tusenvis av turistar i Verdsarvområdet Geirangerfjorden med omland for å få fram svar til utarbeiding av besøksforvaltning.

På folkemøta håper arrangøren å få innspel på det ein ynskjer svar på av turistane. Innspela kan brukast til å utvikle praktiske vernetiltak, målretta marknadsføring, nye produkt, betre tilbod og opplevingar, og gode lokalsamfunn.

Folkemøta med enkel servering blir haldne slik:

Måndag 27. april: Hellesylt, Sunnylven kyrkjelydshus  kl. 20.00. For bygdene Hellesylt og Stranda.

Onsdag 29. april: Valldal, kommunestyresalen på rådhuset Valldal kl. 19.30. For bygdene Liabygda, Linge, Fjørå, Tafjord.

Torsdag 30. april: Geiranger, Hotel Union i Geiranger kl. 19.00. For bygdene Norddal, Eidsdal, Geiranger.

Hanne Lykkja, Besøksforvaltnings-prosjektet i Nærøyfjorden Verdsarvpark er møteleiar.

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380