Møter om kommunedelplan for idrettsanlegg
I Stranda blir det halde møter i alle bygdelag om revidering av kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet 2012 – 2015.
Til stades på møta i april blir Ulrik Opdal frå Møre & Romsdal Idrettskrets. Det blir kalla inn til møter i alle bygdelaga og fyrste møte blir i Sunnylven 14. april kl. 18.00. Dagen etter, 15. april er det møte på Stranda, 21. april i Geiranger og 22. april i Liabygda.
Ordinære anlegg i Sunnylven 8. plass: Tartandekke løpebane Hellesylt stadion, 10. plass: Klubbhus Hyttehola.
Nærmiljøanlegg:
- Orienteringskart Sunnylven.
Under langsiktige behov i Sunnylven står mellom anna;
*Aktivitetsanlegg skulen
*Rulleskiveg/løype
*Treningsrom
*Snøkanonanlegg Hyttehola.