
Påskeaftan la Rita Eide Ljøen ut denne meldinga på sosiale media; «Vi går ned til sjøen og grillar i morgen. Er det fleire som vil vere med ???»
Eit flott tiltak. Her inviterer grunneigarar til sosialt treff med bål og høve til grilling på ein fantastisk flott stad. Vegen ned frå Nedre Ljøen og opp frå kaia igjen er bratt og stig 200 høgdemeter. Men den er fin å gå etter at Ljøfolket og gode hjelparar rydda vekk stormvelte tre.
Vi vart femten med store og små kring grillbålet. Ikkje det store frammøtet, men du så flott eit tiltak. Kanskje noko også for andre, berre ei kort melding at no lagar vi til så berre kom!
På Ljøkaia er det store naustet mura opp igjen av gråstein og sett i stand. Detaljer i tak og dører vi merka oss var at alt var av røffe materialar og spikra med smidde spikar. Det skulle bli restaurert slik det ein gong var bygd, fortalde Rolv Arne Ljøen oss. Det har det blitt, og snart kjem også torv på taket.
Det gamle båtnaustet kan bli ein ny treffstad for sosiale samlingar med inventar som langbord og trauste trebenkar, antyda eigarane.

