LokalnyttSætrestølar

Sæter i Frøysadalen

Djupgjølet1

I dag tek vi turen til ei ny sæter, til Djupejølet, også kalla Frøysasetra i bygdebok for Sunnylven og Geiranger.

Audun AAv Audun Brekke Fjeldheim

DJUPGJØLET

Nord: 6877400

Aust: 392500

Høgde: 480 moh

LANDSKAP

Djupgjølet er ein stor støl som ligg i ei vestvend li, aust for Frøysadalen.

Landskapsrommet består av Frøysadalen nord- og vestover, Botnen i sør, og er

avgrensa av Storeflåegga i aust. Klovningsnibba og Lianibba er markante landemerke i

dette rommet.

VEGETASJON

Her er stor variasjon i vegetasjonsbiletet, med lyng og gras som dominerande artar,

men det veks også mange tre på sætra. Området har nyleg vore rydda for ein del høg

vegetasjon, men framleis står det att ein del einer. Gjengroing er ein fare for sætra, og

sjølv om her er stort beitetrykk, er dette truleg ikkje nok til å hindre denne trusselen.

Langt inn på stølen er det planta grantre i ei rektangelform, for å skape eit lunt og

skuggefullt rom for dyra.

Djupgjølet 2

BYGNINGAR OG KULTURMINNE

Bygningane på Djupgjølet ligg på begge sider av vegen innover i området. Her er stor

variasjon i bygningar, med fire ganske nye hytter, spreidd på stølen. I tillegg er her tre

noko eldre sel/hytter og to endå eldre sel, som nyleg har vore restaurerte. Det står

også eit par løer på stølen. Alle bygningane på sætra verkar å vere i god stand.

Det finst også ei rekkje hustufter spreidd på området. Store delar av stølen er omgitt

av lange steingardar som hjelp til med å vise sætras struktur.

VURDERING middels/høg verdi

Djupgjølet er eit området med stor variasjon og mange ulike kulturminne som gjer

stølen spanande. Vegetasjonsbiletet verkar mangfaldig, men gjengroing er eit

problem. Stølen ligg fint plassert i landskapet, i rolige omgjevnadar.

MULIGHEITER stort/middels potensial

Sætra er lett tilgjengeleg med bilveg heilt fram. Stølen er stor og nokså spesiell og kan

tole ein del utvikling, men treng nok ein heilskapleg plan med tanke på dette.

Potensialet for sætra ligg i hovudsak i hytteutbygging, men ein kan også sjå for seg

tilbod knytt til aktivitetar i området, då det er fine turmuligheiter i nærleiken.

Djupgjølet 3

 

Fredrik Stadheim

Fredrik Stadheim. epost: fredrik@hellesylt.info Telefon: 900 83 380