Sæter i Holedalen
Denne veka presenterer vi Audun Brekke Fjeldheim sine registreringar om Bjørdalssætra frå 2008. I si mastergradoppgåve var han innom dei aller fleste sætrar i Stranda kommune, 17 av dei i Sunnylven.
Tekst / foto: Audun Brekke Fjeldheim
Bjørdalssætra
Nord: 6880400
Aust: 400400
Høgde: 702 moh
LANDSKAP
Sætra ligg i ei slak helling inst i Holedalen, nord for Fremste Smådalen. Det er ei
middels stor sæter som ligg i eit stort landskapsrom inst i Holedalen.
VEGETASJON
Vegetasjonsbiletet verkar nokså intakt, med liten grad av gjengroing. Grasmark,
myrer og lyngtuer dominerer på kulturmarka, som likevel ikkje står fram som veldig
mangfaldig.
BYGNINGAR OG KULTURMINNE
På sætra ligg det i dag fem hytter, som ser ut til å vere mykje brukt. Dei fleste av desse
er påbygde sel, og dei ligg høgt oppe på stølsvollen. I tillegg er her eit gamalt sel og
tufter etter to fjøs. Elles er her få eller ingen tydelege minne etter tidlegare tiders
sæterdrift.
VURDERING middels verdi
Bjørdalssætra og Holesætra er viktige element i dette store, lukka landskapet, som er
eit populært tur- og hytteområde. Her er lett tilgang, med bilveg heilt fram. Sjølv om
hyttene øydelegg det autentiske preget, verkar sætra harmonisk. Mykje av verdien
ligg i at her er ope, og ikkje for stor tettleik av bygningar.
MULIGHEITER middels potensial
Stølen kan ha eit brukbart potensial i samband med næringsutvikling. Området er
utgangspunkt for mange mulige tur- og rekreasjonsaktivitetar. Fjellturar både sørover
mot Vollsetskåla og nordover mot Geirangerfjorden kan vere aktuelt i den
samanheng, i tillegg til aktivitetar nærare sjølve sætra. Sal av lokal mat og
overnattingstilbod, kan vere spanande med omsyn til dette. All utvikling på
Bjørdalssætra må sjåast i samanheng med utvikling på Holesætra, som ho er direkte
knytt til.